«Love and Theft» Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. september 2001 | |
Innspelt | 8. til 21. mai 2001 | |
Sjanger | Folkrock, bluesrock, countryblues, roots rock, elektrisk blues, americana | |
Lengd | 57:25 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Jack Frost (pseudonymet til Bob Dylan) | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Live 1961–2000: Thirty-Nine Years of Great Concert Performances (2001) |
«Love and Theft» | The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue (2002)
|
«Love and Theft» (som regel berre kalla Love and Theft) er det 31. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 11. september 2001. Dylan vart akkompagnert av turnébandet hans på den tida i tillegg til klaverspelaren Augie Meyers. Albumet nådde 5. plassen på Billboard 200, og har sidan selt til gullplate i USA.[1] Albumet gjekk til topps i Noreg. Ei avgrensa utgåve av albumet kom med to bonusspor på ein separat disk, med innspelinga frå tidleg i 1960-åra og to år seinare, den 16. september 2003, var dette albumet eit av fem Dylan-album som kom ut med nymastra lyd for SACD hybrid-formatet.
I 2003 vart albumet plassert på 467. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, medan Newsweek kåra det til det nest beste albumet det tiåret.[2]
Albumet heldt fram det kunstnariske comebacket etter Time out of Mind i 1997 og fekk enno betre mottaking enn det førre. Den korrekte tittelen på albumet er "Love and Theft" med hermeteikn. Tittelen var visstnok inspirert av boka til historikaren Eric Lott kalla Love & Theft: Blackface Minstrelsy and the American Working Class, som kom ut i 1993.
Opningssporet «Tweedle Dee & Tweedle Dum» består av mange referansar til paradar under Mardi Gras i New Orleans.
Sheryl Crow fekk tilbod om songen «Mississippi» frå Dylan, og spelte seinare inn ein livleg versjon av songen for The Globe Sessions i 1998, før Dylan sjølv spelte inn songen for Love and Theft. Sidan har Dixie Chicks ofte spelt songen på konsertane sine.
Greg Kot skreiv i Chicago Tribune (publisert 11. september 2001) «Love and Theft er, som tittelen indikerer ei slags hyllest, og aldri meir enn på 'High Water (for Charley Patton),' der Dylan teiknar eit feiande bilete av rasehistoria i Sørstatane med den ukjende bluessongaren som eit symbol for den kulturelle rikdommen i regionen og inngripande, grufulle samfunnsmessige handlingar. Tromlande trommer og klagande korvokal indikerer at ting går frå gale til verre. 'Det er tøft det ute', skurrar Dylan 'Høg vatn overalt'. Død og demens legg ein skugge over albumet, avløyst av ømheit og vond galgenhumor.»
Musikkskribenten Tim Riley skreiv om «Po Boy» at «det er ein song skriven for gitar med lounge jazz-akkordar og det høyrest nesten ut som han kunne ha vore spelt inn i 1920-åra.»[3]
Albumet vert avslutta med «Sugar Baby», ein lang klagesongaktig ballade kjend for dei stemningsfulle, apokalyptiske bileta og enkle produksjonen med mykje ekko. Riley hylla det som «ein finale å vere stolt av, bygd ring eit avvæpnande enkelt riff som vert illevarslande.»
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 93/100[4] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
Blender | [6] |
Chicago Sun-Times | [7] |
Entertainment Weekly | A−[8] |
The Guardian | [9] |
Los Angeles Times | [10] |
Q | [11] |
Rolling Stone | [12] |
Spin | 9/10[13] |
The Village Voice | A+[14] |
I ei heit melding for «Consumer Guide»-spalta hans i The Village Voice skreiv Robert Christgau: «Om Time Out of Mind var dødsalbumet hans - det var det ikkje, men du veit korleis folk snakkar - så er dette udøydelegheitsalbumet hans.»[14] Seinare då The Village Voice trykte sin årlege Pazz & Jop-kåring frå kritikarane, toppa Love and Theft denne lista, og for Dylan var dette tredje gongen.[15][16] Han toppa òg ei liknande liste i Rolling Stone.[17] Q oppførte Love and Theft som eit av dei 50 beste albuma i 2001.[18] Kludge rangerte albumet på åttandeplassen på si årsliste for 2001.[19]
I 2012 vart albumet rangert på 467. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, medan Newsweek kåra det til det neste beste albumet dette tiåret.[20] I 2009 rangerte Glide Magazine albumet som det beste i 2000-åra.[21] Entertainment Weekly sette det på si tiårsliste og skreiv «Den føreseieleg uføreseielege rockepoeten helsa det nye tusenåret med ein folkaktig, bluesaktig klassikar.»[22]
Albumet vann Grammyprisen for årets beste moderne folkealbum. Det vart òg nominert til prisen for årets album og songen «Honest with Me» vart nominert til årets beste rockevokal.
Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
Nr. | Tittel | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Tweedle Dee & Tweedle Dum» | 8. mai 2001 | 4:46 |
2. | «Mississippi» | 21. mai 2001 | 5:21 |
3. | «Summer Days» | 8. mai 2001 | 4:52 |
4. | «Bye and Bye» | 12. mai 2001 | 3:16 |
5. | «Lonesome Day Blues» | 11. mai 2001 | 6:05 |
6. | «Floater (Too Much to Ask)» | 12. mai 2001 | 4:59 |
7. | «High Water (For Charley Patton)» | 17. mai 2001 | 4:04 |
8. | «Moonlight» | 16. mai 2001 | 3:23 |
9. | «Honest with Me» | 9. mai 2001 | 5:49 |
10. | «Po' Boy» | 16. mai 2001 | 3:05 |
11. | «Cry a While» | 18. mai 2001 | 5:05 |
12. | «Sugar Baby» | 19. mai 2001 | 6:40 |
Total lengd: | 51:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Was Young When I Left Home» (Innspelt 22. desember 1961) | 5:24 |
2. | «The Times They Are a-Changin'» (Alternativ versjon, spelt inn 23. oktober 1963[23]) | 2:56 |
Total lengd: | 8:20 |
Liste (2001) | Plassering | Veker på lista |
---|---|---|
Austerrike[24] | 2 | 9 |
Australia[24] | 6 | 4 |
Belgia (Vallonia)[24] | 9 | 5 |
Belgia (Flandern)[24] | 7 | 6 |
Danmark[24] | 1 | 7 |
Finland[24] | 16 | 3 |
Frankrike[24] | 13 | 8 |
Italia[24] | 2 | 7 |
Nederland[24] | 16 | 6 |
New Zealand[24] | 3 | 8 |
Noreg[24] | 1 | 7 |
Sveits[24] | 3 | 9 |
Sverige[24] | 1 | 9 |
Tyskland[24] | 4 | 9 |
USA - Billboard 200 | 5[25] |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Sverige (GLF)[26] | Gull | 40 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[27] | Gull | 20 000x |
Storbritannia (BPI)[28] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[29] | Gull | 757,000[30] |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Føregangar Phanerothyme Motorpsycho |
Toppen av VG-lista Bob Dylan 1 veke, veke 38–2001 |
Etterfylgjar V Live |
412: Going to a Go Go Smokey Robinson and the Miracles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 411 Love and Theft Bob Dylan |
410: Wild Honey The Beach Boys |
386: Pretzel Logic Steely Dan |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 385 Love And Theft Bob Dylan |
384: A Quick One The Who |